Sport — 06 august 2017

Anders Haga i aksjon for Ettfett.

Knut Arve Haukefær, Eivind Sakseid og Kenneth Ingebrigtsen, med lagnamnet Nuts på river, gjekk til topps i årets utgåve av Bocciafest.

Dagen byrja med eit frykteleg regnvêr, utan at det låg nokon dempar på stemninga på Osvald Pub under det årlege høgdepunktet. 56 lag bidrog med godt humør og høgst variabel kulekasting, noko som førte til god underhaldning for både deltakarar og tilskodarar.

Heilt til topps gjekk Nuts på river. Knut Arve Haukefær og Eivind Sakseid har røynsle frå petanquemiljøet, medan Kenneth Ingebrigtsen ikkje hadde teke i ei kule før denne laurdagen. I gruppespelet vann dei fire kampar medan dei tapte mot John Almås, Gøran Odland og Alexander Horneland i Campylobacter. Dei to laga møttest igjen i semifinalen, men då var Nuts på river sterkast. I finalen venta Klovner i kamp, beståande av Odd Kvarme, Børge Presthaug og Kjell Arne Presthaug. Det var jamt ei stund, men til slutt vart Haukefær og kameratane for sterke og vann 13-9. Lagkaptein hjå vinnarane, Knut Arve Haukefær, var naturleg nok nøgd etterpå.
– Me var heldige med trekkinga, samstundes som me kasta godt. Eg og Eivind Sakseid er jo aktive i petanque, men kjekt med Kenneth Ingebrigtsen som aldri hadde kasta før. Det var sjølvsagt kjekt å vinna heile turneringa, fastslår Haukefær.

Det vart som vanleg delt ut ei rekkje prisar under banketten etter sjølve bocciaturneringa var ferdig. Cougercampers(Marianne Tveit, Gry-Janette Stokka og og Unni Dalsbotn) fekk prisen for beste antrekk, D(Vegar Veseth Saue, Lars Petter Kjeka og Styrk Matre Grimstad) vart kåra til verste lagnamn, medan Nordom Bocciaen(Ellen Salomonsen, Hege Aas Vad og Line Aas Vad) og Boccialicious (Anette Thoresen, Arnhild Myklebust og Gro Hasholt Horneland) delte prisen for beste ankomst. Dei uengasjerte(Øyvind Nyhammer, Bjarte Salomonsen og Eirik Spjeld) fekk prisen for verste antrekk.

Knut Arve Haukefær i aksjon for vinnarlaget Nuts på river i gruppespelet.

Line Aas Vad og Nordom bocciaen i kamp mot Fitjarpotetene

Trond Sandvik kastar, lagkameratane Nils Runnane og Jarle Grov følgjer med.

Vilde Ulversøy Johnsen og jentene i Bocchicas hadde solide kostyme på seg.

Vinnarane: Nuts på river, frå venstre: Knut Arve Haukefær, Kenneth Ingebrigtsen og Eivind Sakseid.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.