Småstoff — 05 august 2017

Nydelege steinmurar rundt nyskulen – men ein må heilt innpå for å sjå dei.

Ny Stord Ungdomsskule byrjar trona på Vikahaugane, som han skal og som han har namnet etter «Kongen på haugane». Det blir eit flott og ruvande bygg, og det er alt gjort mykje rundt i lendet. Mellom anna er det kome opp nokre flotte steinmurar på sidene ned mot Vikastemmo og mot riksvegen – men dei er det diverre få som ser grunna sterk vekstvilje og sterk lauvvekst hjå nærståande buskar og tre. Frå lesarhald er stordnytt.no blitt beden om å visa kor lite bra det ser ut – og kor lite som i grunnen skal til for å få fram både murar og skulebygg i betre og fortent framskoten posisjon.

Ikkje så mykje å sjå til skulen, anten ein kjem frå sør …

… eller nord.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.