Nyhende — 10 september 2017

FOTO: Kristine Thorkildsen

 Laurdag gjekk det fyrste Bok & Bolle-arrangementet av stabelen. Det regna ute og det gjorde kanskje sitt til at det blei fullt hus. 100 bollar blei utdelte og det betyr at det var over 130 stykker i lokalet.

 Camillia Ruhs leste fyrst frå Martine Grande si nettutgåva av Berte og Iver og månen. Berte og Iver reiste på oppdagingsferd til månen for å finne ut om Månemannen finst.

 Kristine Thorkildsen las Bukkene Bruse byrjar på skulen. Sjølvsagt gjekk ikkje det uten nokre problem med Trollet. Når trollet sat fast i kopimaskinen fauk det ekte ark ut blant publikum.

 –       Det er flott at så mange tar turen innom biblioteket, seier Thorkildsen.

 –       Ja, lesegleda er stor blant barn her på Stord, legg Ruhs til.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.