Nyhende — 09 september 2017

Anne Margrethe og Jan Inge Sørheim trivest godt som frivillige i helsetenesta  på Solgården.

Klokka går mot 1900  første torsdagen i september, det er lett lettskya og markøren på gradestokken har lagt seg nett under 30.  200 eldre er på veg ut  festmiddagen på Solgården på Costa Blanca. Dei tek kaffien og det som måtte vera attåt  på terrassen. Smila sit laust, slik dei plar gjera mellom gjestene på denne ferie- og behandlingsstaden som har vore ei lukke for mange nordmenn  i over 40 år.  Jan Inge  Sørheim frå Kattatveit  og Stord har vore frivillige  fast ferielege på Solgården i fleire år, kona  Anne Margrethe har vore med som sjukepleiar.

 

– Heilt klart ein glimrande ide, meiner dei om journalisten sitt forslag om at opphald på Solgården, eller andre godkjende stader under sydens sol, burde vore eit av tilboda på norsk blå resept.

– Dette er  tolvte  perioden me er her, og det er ikkje tvil om at  eit par veker i dette klimaet  gjer godt for både kropp og skjel.  Påfallande mange  er å sjå her igjen og igjen. Det skulle seia sitt om kva Solgården betyr for dei.  Alt skjer under mottoet: Trygghet, helse, glede, seier  indremedisinar Jan Inge Sørheim – som har «trappa ned» til 30 stilling ved Haukeland sjuehus.  Neste år følgjer han kona og blir pensjonist.

 

Sjølv vart Sørheimarane kjende med  Solgården då dei valte staden om destinasjon for familieferie for snart 25 år sidan.  Dei fekk tips om at  stiftinga som eig  «garden»  la  opp drifta med i ei blanding av fast tilsette og frivillig helsepersonell,  som følgjer dei norske gruppene  frå flyplassen heime, under opphaldet  og heim att til flyplassen.   Vekene Sørheim er fast ferielege på Solgården startar dagen med   kontortid nokre timar, før han går inn i telefonvakt.  På senteret er det også tilsett fleire fysioterapeutar, og det er fullt mogleg å ta ei behandlingsreise.  Elles har  universell utforming av eit vakkert parkmessig uteområde  vore særmerket for anlegget frå dag ein. Solgården – Hacienda del sol – ligg på eit høgdedrag  nord for Alicante og sør for Benidorm.  Skodespelaren  Wenche Foss var ein av pådrivarane for å bygt opp staden med tanke på  norske feriestad for utviklingshemma, rørslehemma og  eldre.

 

– Så må det leggjast inn mange gode ord om den sosiale biten av opphaldet her, med utflukter, samlingar  og underhaldning. I kveld er det  Sven Tinberg som skal lesa for oss, seier  Anne Margrethe og Jan Inge Sørheim.

Meir nytting informasjon om Solgården er å finna på eiga nettside.

 

Universelt utforma over heile anlegget – her frå terrassen

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.