Nyhende — 10 september 2017

Forfattar og leiar for Kystsogevekene Kjell Maguns Økland   (foto G.bjørk)

 Kjell Magnus Økland  fortalde torsdag kveld  soga om Oselvaren på eit ope møte på Stord Maritime Museum på Nattrutekaien. Båttypen  har vakse fram etter ei utvikling som strekkjer seg over fleire tusen år. Økland fortalde historia om  båten som starta med funnet av Halsnøybåten, datert til 334 e.Kr.  Oselvaren har tradisjonelt vore nytta som bruksbåt og til kapproing og kappsegling sidan 1800-talet.

Alt på 1600-tallet var båten ei handelsvare –  kjøpt og ført til Vesterhavsøyane.  Det syner skriv frå «Shønhordlehn toldsted» i 1610. Båten var kommunikasjonen  mellom bygd og by. Bønder og fiskarar rodde til byen for å selja  varene sine. Det vart trong for fleire båtar og snart var det  båtbyggjarar på kvart eit nes.  Kunnskapen vart ført i arv frå far til son.  Ikkje berre om bygging, men også kunnskapen i å finna og tilverka trevirke. I mellomkrigsåra og fram mot nyare tid er Oselvaren nytta som tur og segl båt. Mange båtlag vart grunnlagt og kapproing og kappsegling vart ein del av folks rekreasjon.

Økland som er forfattar av boka «Oselvaren – den levande båten» hadde mykje å fortelja om folks levevis som gjev eit godt bilete av kyst-, og idretts- og folkekulturen i Hordaland gjennom fleire  hundre år. Inspirerande og flott kåseri  som dei frammøtte sette pris på. Arrangementet vart skipa i samarbeid mellom Stord Folkebibliotek og Venelaget for Stord Maritime Museum.

Godt frammøte til  kåseriet  om Oselvaren (foto H.Hauan)

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.