Nyhende — 19 september 2017

«Ekspressen» skal restaurerast – ein langsiktig jobb.

– Sjå der gutt, der kjeme «Teisten» på albogane innøve Vikafle.

Det er alt gått 50 år sidan replikkunstnar Jacob Nøstvåg serverte denne treffande utsegna ei ettermiddagsstund på Leirvik kai. Han hadde rett. For var det eit aldri så lite menneskeleg aspekt med dei kvikke hydrofoilbåtane som næraste revolusjonerte kollektivtrafikken til sjøs på 60-talet, ja, så måtte det vera at dei letta seg opp «på albogane» når farten vart sett opp til rundt 40 knop.

Tysdag morgon var det grunn til å mimra aldri så lite kring den spesielle båttypen. Då vart «Ekspressen», siste hydrofoilen som er att i landet, heist inn på trygg grunn ved Oma Slipp på Skotaberg. I 1961 kom «Ekspressen» splitter ny frå verftet i Italia til Stavangerske DS og vart sett inn i Sauda-ruta. På 70-talet var hydrofoilæraen over og «Ekspressen» vart selt til ein privatmann som ville ha seg ein original bubåt. Vengene vart då fjerna.

For eit lite år sidan kjøpte Stavangerske båten attende, i sommar vart han sjøsett for å vera med på veteranbåttreffet «Fjordsteam» i Stavanger. Dette til så stor begeistring at gode krefter vart samde å prøva å få «Ekspressen» opp att «på albogane». Oma Slipp vart valt som arena for ein jobb som vil ta tid og krevja ein del midlar frå både offentleg og privat hald.

Sjå innslaget på NRK Rogaland om då «Ekspressen» kom attende til Stavanger, klikk her.

Gamal og ny snøggbåttid møttest.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.