Nyhende — 10 september 2017

FOTO: Astrid Larsen

I år fekk biblioteket besøk av Klovnen Knut på Lesefesten. Lesefesten er for dei som var med på den populære lesekampanjen som var i sommar. Det var 729 deltakarar med og det blei lest over 830 000 sider.

Klovnen Knut hadde fyrst førestilling for dei yngste deltakarane med førestillinga Apestrekar. Klovnen holdt publikum engasjert med høg desibel då han heile tida utfordra dei til å passe på når telefonen ringte med blinkandel jus.  Dei hjalp han så godt dei kunne, men kvar gong han snudde seg var ljuset slukka. Det var variert og humoristiske innslag med høgt tempo.

For dei eldste så måtte dei følgje nøye med når han fylte vatn i koppene. Han klarte stadig å lure dei. Blant anna fekk dei møte den kjempesmåfrekke Knut Gribb som ødela når dei skulle synga. Lattermusklane fekk jobbe denne fredagskvelda og dei vaksne klarte heller ikkje å halde tilbake latteren.

FOTO: Astrid Larsen

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.