Nyhende — 12 september 2017

Liv Kari Eskeland kan pakka kofferten og møta på Stortinget, etter at Høgre gjorde eit godt val i Hordaland, og held fram med regjeringsmakta. (Arkivfoto)

Høgre er det klart største partiet i Hordaland og Liv Kari Eskeland kan pakka kofferten for fire år på Løvebakken.

Høgre har i Hordaland fått ein oppslutnad på over 30 prosent, og i natt vart det klart at Erna Solberg held fram som statsminister. Dermed er Liv Kari Eskeland, som stod på 6. plass, inne på Stortinget kommande periode, som vara for Erna Solberg.

Arbeidarpartiet blir nest største parti med ei oppslutning på 22,9 prosent, ein tilbakegang på 1,9 prosentpoeng, som gir fire mandat (inga endring).

Framstegspartiet er tredje største parti i Hordaland med ei oppslutning på 15,2 prosent. Det er ein ørliten framgang frå sist.

Senterpartiet (7,5 prosent) går mest fram i oppslutning frå 2013 (3,1 prosentpoeng), men partiet får likevel ingen nye mandat og får no eitt.

Mandatfordeling: Høgre 5 (uendra), Ap 4 (uendra), Frp 3 (+1), SV 1 (uendra), Sp 1 (uendra), KrF 1 (uendra), V 1 (utjamningsmandat).

Dermed er altså to tidlegare ordførarar frå Stord på Stortinget i neste periode.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.