Nyhende — 11 september 2017

Mange nytta høvet til å røysta like etter opning klokka 09, men køane vil nok bli lenger utover dagen.

Det var bra med trafikk alt klokka ni då vallokala opna. Men over 4.000 har alt røysta.

Vallokala i Stord kulturhus, i fleirbrukshallen i Prestagardsskogen og på Nysæter ungdomsskule opna klokka ni måndag morgon, og skal halda ope til klokka ni i kveld. På gamleskulen på Huglo er opningstida frå klokka 15 til 18.30.

Mange nytta høvet til å røysta tidleg på dagen, då køane er små. Men svært mange har røysta på førehand.

– 4.089 personar har førehandsrøysta i Stord kommune i år. 2.357 gjorde det same ved kommunevalet for to år sidan, og ved Stortingsvalet i 2013 var det 3.255 som hadde røysta på førehand, fortel Marit Annie Åkra i sekretariatet i Stord kommune. Førehandsrøystene vil bli talde opp i løpet av dagen, før valstyret byrjar teljinga for fullt i kommunestyresalen i kveld. Åkra håpar å ha resultata klar rundt midnatt.

Då står berre røyster som er leverte inn i andre kommunar att, dei vil bli talde opp i morgon.

Det er litt i overkant av 13.000 røysteføre i Stord kommune.

Stord har to tidlegare ordførarar som er aktuelle for plass på Stortinget neste periode. Magne Rommetveit (Ap) står på sikker plass øvst på Hordaland Ap si liste, medan Liv Kari Eskeland (H) er avhengig av både eit svært bra val for Høgre, samstundes som Erna Solberg held fram som statsminister. Då kan ho få plass på Stortinget, som vararepresentant for Erna Solberg.

Stord kulturhus er staden å røysta for dei som bur i og rundt Leirvik, og i Utbygdo. Folk i Nordbygdo skal røysta i hallen i Prestagardsskogen, medan folk i Sagvåg røystar på Nysæter ungdomskule. På gamleskulen på Huglo er det ope i ettermiddag.

Ordførar Gaute Straume Epland og Marit Annie Åkra og Elin Ravnskog frå sekretariatet i Stord kommune var på plass for å sjå at alt gjekk rett føre seg då vallokalet i Stord kulturhus opna klokka ni i dag tidleg.

Valdag er lik flaggdag.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.