Nyhende — 13 september 2017

BUA vart offisielt opna i Hamnegata tysdag.

Har familien planar om ein overnattingstur til fjells? Tenkjer born eller foreldre å prøva tennis eller badminton? Ser det freistande ut å prøva padlebrett, eller ser det meir utfordrande ut å trø sykkel med ekstra tjukke dekk over våte myrar? Siste nytt på Stord er at desse og mange andre fritidssyslar kan prøvast ut med lånt utstyr frå BUA.

– Ja, det er berre å stikka innom og sjå kva me har å by på i «utstyrsbiblioteket» vårt, seier Nina Lovise Langeland. Ho er dagleg leiar i Frivilligsentralen, og kunne tysdag ettermiddag stolt ønskja ein heil del unge og eldre velkoma til BUA i Hamnegata 20. Med på seremonien var ordførar Gaute Epland som tok sitt første snorklypp då han erklærte utlånsordninga for opna.

– Det er så mangt me kan tenkja oss vera å vera med på og tanken bak tilbodet i BUA, er at ein fritt og franko kan få prøva ting før ein gjer alvor av å investera i nytt telt, nytt campingutstyr, ny racket, ny sykkel eller «stand-up-brett». Låninga hjå oss blir på same premissar som ved bok-lån på biblioteket. Alt utstyret me har i hyllene er nytt og innkjøpt med midlar Frivilligsentralen har søkt om og fått frå diverse sponsorar. No håpar me BUA-konseptet slår an hjå stordabuen, slik det har gjort mange andre stader i landet, seier Nina Lovise Langeland til stordnytt.no.

Like før snorklypp – i hyllene er det mangt å låna.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.