Nyhende — 09 september 2017

Medan dei vaksne et, får ungane måla ansiktet sitt.

Folk frå 13 ulike nasjonar møtte opp på foreldre og barn-kafé i kulturhuset laurdag.

 

  • Kven som helst kan delta, og tilbodet er gratis. Denne gongen var det Linda Moores frå Canada som var ansvarleg for maten, med god hjelp frå fleire, mellom anna Kirsti Helland, som var ansvarleg for arrangementet denne gongen, fortel Jill Reed i Internasjonal Kulturklubb (IKK).

 

Laurdag arrangerte IKK foreldre og barn-kafé. Målet er å få barn og vaksne frå ulike kulturar å bli kjend med nye folk. Dei arrangerer slike kafear seks gongar i året, i tillegg til ei rekkje andre sosiale samkome med kultur i sentrum.

  • Vanlegvis plar 50-60 personar møta opp. Så mange var det ikkje denne gongen, men tilbodet vil halda fram. Dette har blitt eit fast og populært tiltak, fortel Reed, som fortel at dei gjerne skulle hatt nokre fleire bidragsytarar økonomisk.
  • Dette er gratis, og folk jobbar dugnad, men me har utgifter til innkjøp av mat. Kontingenten for å vera med i IKK er heller ikkje så høg, så me skulle gjerne hatt nokre fleire sponsorar, fortel Reed.

Linda Moores fortel at dei søte riskakene, ein spesialitet frå heimlandet hennar, slår godt an, særleg blant dei yngste. Blant ingrediensane finn me både marshmellows, frukostblanding (Rice krispies) og smør.

  • Lett å laga, og dette er noko ungane også kan vera med på, fortel Moores.

Yoga, språkkafé, turar, matkurs, internasjonal kafé, healing/meditasjon og kunst-tur til Bergen er blant andre tilbod i IKK.

 

Ballongleik i speglsalen var noko som engasjerte dei yngste.

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.