Nyhende — 10 september 2017

 

Utstillinga heiter «Spor», og her heng om lag 500 små keramikkbilete.

Anneli Belsvik Aras er nøgd med responsen på si utstilling i regi av Stord kunstlag.

 

Mange møtte opp på opninga av Anneli Belsvik Aras si kunstutstilling i Stord Kulturhus i helga. Heile 110 personar. Og fleire kunstverk vart selde alt første dagen.

  • Utstillinga heiter «Spor» og består av silketrykk og keramikk som kunstnaren har laga gjennom heile si karriere. På utstillinga er det heile 180 kunstverk, i ulike storleikar, fortel leiar i Stord kunstlag, Trine Hjertholm.

Belsvik Aras starta si karriere på midten av 1990-talet, så det eldste kunstverket som no heng i kjellaren på kulturhuset er frå 1996.

Anneli Belsvik Aras bur i Bergen og har si utdanning frå kunsthøgskulen i Bergen. Torsdag fortalde ho om utstillinga til elevar frå Fitjar vgs., som er med på eit prosjekt som heiter «Firing up», som er i regi av Norske Kunsthåndverkere. Klasse frå Fitjar er ein av 15 i landet som er med i prosjektet, og Belsvik Aras skal seinare til skulen for å undervisa elevane i keramikk.

Dette er Belsvik Aras si første separatutstilling på Stord, ig utstillinga blir hengjande til 24. september.

Anneli Belsvik Aras oppsummerer heile si karriere i utstillinga i Stord kulturhus.

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.