Nyhende — 10 september 2017

 

 Slik biletet nedanfor fortel, vart  det ein våt og skoddegrå dag i fjellet for  saueeigarane som laurdag skulle  sanka dyra sine og få dei ned frå sommarbeidet.  Tidvis låg skodda så lågt at sikten var lik null, og då var det vondt å finna firfotarane med grått ull.

– Må vel kunna seia at dette var noko av det trasigaste veret me har hatt under sankinga i denne delen av fjellet, seier Tore Atle Sørheim. Etter kvart kan  sankelaget med  leiaren i Stord Sau og Geitealslag i brodden,  loggføra mange vellukka haustturar  på strekket frå Sørlileitet, Tysebotnen, Breidalen, Stavlifjellet, Budalsfjellet, Vaulane og Ravasslio .  Laurdag lukkast dei berre å lokalisera halvparten av dei rundt 150 dyra i området – så søndag vart det berre å ta fjellskoa på og gå opp att på nytt søk.   

Rundt 2500 sauer har beita i Stord-fjellet i sommar, storparten  i området Kvelve, innover mot  Tjøndnadalen.  Graskvalitet  i høgda  har vore prega av veret. 

-Lamma var noko meir skrinne  enn me hadde trudd, verka  som om sommaren har bydd på  Grete Roede-diett  i form av  vått og grønt, seier  Sørheim til stornytt.no.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.