Nyhende — 13 september 2017

Slik røysta stordabuen ved Stortingsvalet 2017

Onsdag morgon hadde Valstyret i Stord med ordførar Gaute Epland som leiar, møte med ei sak på dagsorden: – nemleg godkjenning av valgjennomføringa og røystinga måndag. Tala viser borgarleg fleirtal i mellom stordabuane, samstundes som Arbeidarpartiet sanka flest  røyster også lokalt. 3033 til Arbeidarpartiet, 2697 til Høgre og 1828 røyster til Framstegspartiet. Nyskipinga Feministisk Initiativ fekk færrast stordrøyster – med 7.

Av 13295 røysteføre gav 79,1% si røyst, det vil seia 10463 røyster frå Stord.

Frå Stord vart signert valprotokoll med alle røyster send Rådhuset i Bergen for sjekk og teljing endå ein gong.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.