Næringsliv — 11 september 2017

Onsdag blir det Sunnhordlandstreff om bord i «Sunnhordland» – (som blir liggjande ved kai sentralt i Bergen under VM på sykkel).

Onsdag komande inviterer samarbeidsrådet for Sunnhordland til Sunnhordlandstreff for ellevte gong. Denne gongen om bord på veteranskipet «Sunnhordland» som legg til ved Bradbenken i Bergen hamn.

Deltakarane får høyre inspirasjonsinnlegg om korleis det er å bu i Sunnhordland frå ein heimflytta sunnhordlending. I tillegg blir det musikalsk innslag. Det er sett av god tid slik at deltakarane får knyte kontaktar med bedrifter og kommunar. Sunnhordlandstreffet er gratis, og ein kan framleis melde seg på. Men her må ein vere rask, tipsar tilskiparen.

Totalt er 22 bedrifter, kommunar og festivalar er representerte med stands. Saman viser dei mogleikane i regionen og legg til rette for ein arena der studentar og andre kan knyte kontakt med framtidige arbeidsgjevarar. Bedriftene samlast til nettverkssamling før sjølve Sunnhordlandstreffet. Her blir det mellom anna interessant føredrag med Ståle Økland som forskar på samfunnstrendar. Korleis framtidas region blir med tanke på teknologisk utvikling er noko av det Økland snakkar om. Ståle Økland er ein svært ettertrakta føredragshaldar, også i Europa. I tillegg vert det bedriftspresentasjon av ei av samarbeidsbedriftene i omdømmeprosjektet, opplyser Anne Synnøve Lønne i Samarbeidsrådet.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.