Nyhende — 12 september 2017

Anders Totland har laga kokebok saman med fotograf Marius Knutsen.

– Me ønskjer å gje noko tilbake til dei som trass alt held liv i oss, seier forfattarane bak kokeboka Digg.

Kokk, journalist, organist og forfattar Anders Totland er i desse dagar aktuell med to nye bøker. I tillegg til ungdomsromanen «Så lenge ingen ser oss», som kjem ut på Gyldendal forlag, kjem han ut med kokeboka «Digg – gjer kvardagen til ein fest» på SKALD forlag, saman med stordabu Marius Knutsen.

Kokeboka er alt å finna i butikkhyllene.

Boka blir offisielt lansert på SKALD sin haustfest på torsdag, men er alt å finna i butikkhyllene. Som eit ekstra krydder for dei mest matglade, lokkar forlaget, i samarbeid med bokhandlarane på Amfi og Heiane, med at du òg kan få sjølve kokebokforfattaren på besøk, viss du kjøper boka lokalt.

Av alle som kjøper kokeboka hos ein av dei tre bokhandlane i sentera fram mot jul, vil altså ein heldig vinnar få Anders Totland på besøk på nyåret. Då tar han med seg råvarer og utstyr og alt som trengs, og diskar opp til ein trerettars middag for fire.

– Dei lokale bokhandlane gjer ein utruleg viktig jobb. Når eg no debuterer som kokebokforfattar, synest eg det er veldig fint å kunna gje noko tilbake, seier Totland som har gjeve ut fire bøker på under to år.

Ikkje berre gjev bokhandlane kundane høve til å kjenna, sjå og lukta på dei fysiske bøkene. Dei er òg eit viktig utstillingsvindauge for forfattarar og forlag.

I kokeboka Digg finn du alt frå forrettar og supper til middagar og dessertar. Det er også gode restetips til mange av oppskriftene, og eit eige kapittel om restemat på slutten. Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finna i nærbutikken i kvar einaste krå av landet.

– Totland og Knutsen har laga ei saftig, rå og raus kokebok som kan inspirera den mest matleie i tidsklemma, lovar marknadskonsulent Vidar Aase Alme i SKALD forlag.

Anders Totland bur i Kvinnherad, men vaks opp på Bømlo. Kokeboka Digg har han laga saman med fotograf Marius Knutsen frå Stord. Til dagleg jobbar begge i avisa Sunnhordland, der dei mellom anna skriv matspalta Digg saman.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.