Nyhende — 10 oktober 2017

Mange hadde innspel til bussrutene – men det blir berre mindre endringar.

Bussbrukarane i Stord svara flittig og kom med mange lagar og innspel til endringar, då Stord kommune bad om  merknader til bussrutene som tok til å gjeld ved skulestart i august.  Kommunen og Skyss hadde møte om innspela og  no er det kom svar  frå Skyss –  med lovand om litt justeringar:

– Eit tema som Skyss var oppmoda særleg om å sjå nærare på, gjeld endringar på linje 673 frå Vikanes til Sagvåg skule der bussen ikkje lenger går om Dyvik. Det er i dag ingen elevar i  Dyvik med rett på skuleskyss. Bussen betener skuleskyss for elevar til Sagvåg skule, Nysæter ungdomsskule, Litlabø skule og Leirvik skule. Grunna elevar frå Litlabø som skal til Leirvik  skule blir rutetida flytta 10 min tidlegare frå 16.10., slik at elevane rekk skulestart. Rutetidene bør ikkje endrast ytterlegare, mellom anna av omsyn til akseptabel ventetid før skulestart for elevar som går på Nysæter skule. Tilbodet til elevar med rett på skuleskyss er difor prioritert framfor elevar som bur i Dyvik utan slik rett, skyss i brevet som er signert  direktør Oddmund Sylta.

– Til dei andre momenta i brevet vert det vist til Trafikkplan Sunnhordland, som er utarbeidd og vedteken i forkant av det nye bussanbodet. Denne planen gir overordna føringar for ruteomlegginga og framtidig tilbodsutvikling i Sunnhordlandsregionen, som inneber eit enklare linjenett og styrking av tilbodet der flest reiser. Prioriteringa gjer at enkelte område får eit redusert tilbod. Det gjeld mellom anna Litlabø som har eit svakt trafikkgrunnlag.

Om klagane frå  bussbrukarar på Horneland heiter det:

– Hornelandsvegen har no kun skuleskyss, men øvrige reisande har rimeleg gangavstand til haldeplassar som er dekka av linje 673. Omlegginga av linjenettet gir fleire gjennomgåande reisemoglegheiter mellom tunge reisemål, medan andre framleis inneber omstiging. Skyss har eit stort apparat for å motta og svare ut kundehenvendelsar. Innspela som er gitt via brev frå Stord kommune er såleis kjente og er svara ut løpande. Mindre justeringar er allereie gjennomført. Eventuelle større endringar må takast i samband med årleg ruteendringsprosess. Skriftlege innspel som omhandlar kommunen sine prioriteringar vil bli tatt inn i dette arbeidet, lovar Skyss.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.