Nyhende — 16 oktober 2017

Hauglandskverna ved Vadelva.

Stord Rotary gjekk i si tid i bresjen for å setja ei av dei eldste kverner i kommunen i operativ stand. Siste tre-fire tiår har medlemer av Rotary hatt ansvar for tilsyn og vedlikehald av Hauglandskverna – som er blitt eit ynda turmål. Ved regnbyger, som det er ein del av også ved Vadelva, søkjer turfolket ly i kvernhuset og slitasjen har byrja setja sine spor. No ønskjer Stord Rotary letta litt på dette trykket med å byggja ein gapahuk på 13 rutemeter på flaten like oppom kverna, der det alt er rigga til med kvilebenker. Grunneigaren og eigaren av kverna har stilt tomt til rådvelde og byggjearbeidet skal gjerast på dugnad. Kommunen har også gjeve sitt samtykkje. Gapahuken blir kledd med ukanta bord og får torv på taket. Det blir montert benker langs to vegger og opninga er orientert mot sør-sør-vest med utsyn mot elva.

Hauglandskverna har namnet etter garden ho høyrer til, og var i bruk under andre verdskrigen. Det er sagt at inga kvern mol mjølet så fint som nett kvernsteinane drivne av vatnet frå Vadelva.

Gapahuken kjem på grusplassen i framgrunnen.

Nett innom døra står kassen med «gjesteboka» – Hauglandskverna er eit populært turmål.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.