Nyhende — 08 oktober 2017

Straks etter opning laurdag var det  tett rundt sals- og smaksbord i  teltet.

Åsmund Solhaug  i brygget  ELØ – «En liten øl» i Fitjar, sette tidleg i vår fram ide om ein lokal ølfestival for å få vist kva dei produserer i dei småbryggeria som er komne til i regionen.  Ideen  fengde, og utvikla seg til å bli  mat- og ølfestivalen HERIFRÅ , med deltaking frå over 30  lokale produsentar.  Matfatet Sunnhordland, (i regi av Samarbeidsrådet)  og Venelaget for  M/S Sunnhordland tok arrangørrolla av ein særs godt motteken festival  på  Nattrutekaien. Servering  i langt mattelt og om bord i veteranskipet.   Jamt sig av  handlande og smakande fredag –  laurdag vart det kø i lengre tid av folk som ville lærar den lokale mat- og ølproduksjonen å kjenna.

Som det vart sagt:  – herifrå  vil me kvar haust ha mat-og ølfestivalen HERIFRÅ  på Leirvik.  Dette var eit flott og velsmakande tiltak.

Åsmund Solhaug  frå bryggeriet  En liten øl (ELØ)  hadde ideen til  festivalen for  kortreists mat og drikke, og var godt nøgd med frammøtet.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.