Nyhende — 10 oktober 2017

”Humor i særklasse” kvitterte Bergensmagasinet etter premieren i vår og trillet en solid 5-er på terningen. Det samme gjorde Bergens Tidende og Bergensavisen. Christine Hope mottok Komiprisen som ”Beste kvinnelige scenekomiker” for ”Hope, skulder, kne og tå”. (: Ganeshfoto.no/Over Norge)

Når Christine Hope kjem til  Stord og Kulturhuset  med suksess-showet  ”Hope, skulder, kne og tå”  har ho ein fersk komipirs med seg i bagasjen.  Hope startar haustturneen sin på heimebane, på Stord  med  for lengst utlyste forstillingar, fredag 20. oktober  laurdag 21. okboer.  No melder arrangørane  om så stor publikumsinteresse at det bli sett opp ei tredje forestilling  seint laurdag kveld (20.30).  

Fysisk komikk på John Cleese-nivå”, har Bergens Tidende skrive om Hope. Ein  omtale ho er godt nøgd med : – Kroppsspråk og mimikk står sentralt i mitt uttrykk som komikar, seier ho. I humorshowet har ho laga figurar som den seksuelt frustrerte og snakkesalege Gerd Søyland og den verbale mitraljøsa ”moren til Karoline Krüger”. Ho har fått teksthjelp frå blant andre Øyvind Angeltveit og Pernille Sørensen.  Christine Hope blei svært lukkeleg over å motta Komiprisen for  innsatsen i dette showet.

Showtittelen kan ho takke Finn Tokvam for. – Eg hadde vore  på jobb på Bømlo og hamna på ferja med Tokvam. Han hadde gløymt lommeboka si, så eg sa jeg ville spandere ei vestlandslefsa på han dersom han hjelpte meg med showtittel. Etter nokre sekundar kom det  tørt: ”Hope, skulder, kne og tå”.

Christine Hope er denne hausten også TV-aktuell programleia for NRK-serien ”Symesterskapet”.

TURNÉPLAN:

Stord Kulturhus • Fredag 20. og lørdag 21. oktober

Fitjar Kulturhus • Torsdag 26. oktober

Bømlo Kulturhus • Fredag 27. oktober

Oseana, Os • Lørdag 28. oktober

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.