Nyhende — 17 oktober 2017

Erik Moll.

Komande laurdag byr Olsen & Jensens viseklubb på ein intim og tradisjonsrik ettermiddag på Osvald pub. Då kjem nemleg landets kanskje fremste tradisjonsbærarar innan det vide Roots-omgrepet for å spela duokonsert på viseklubbscenen. Norskamerikanaren Erik Moll har vore aktiv sidan byrjinga av 70-talet, då han var med å starta det legendariske folkrock-bandet Hole in the wall, som med debutplata si stod for ei av dei aller beste utgjevingane her til lands nokosinne.

Seinare gjennom ei rikhaldig solokarriere og som låtskrivar for andre (han skreiv mellom anna dei største hitsa til Steinar Albrigtsen på 90-talet), støtt reisande mellom gamlelandet og Den nye verda, har han vore ein viktig faktor for at den amerikanske musikkarven står fjellstøtt her til lands. I 2015 fekk han endeleg spellemannspris for den bluegrass-inspirerte plata «Many years to go»

Med seg til viseklubben denne laurdagen har han fele- og mandolinmeister Øystein Fosshagen, mellom anna kjend frå Øystein Sunde sitt Meget i sløyd-band.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.