Nyhende — 06 oktober 2017

Det har komne ønskje om at deler av desse modulbygga blir flytta til Kårevik eller Langeland for å gje meir undervisningsareal til ein fullbooka skule.

Kommuneadministrasjonen sitt forslag til endra krinsgrenser mellom Langeland og Tjødnalio møter motbør  frå fleire hald.  Foreldrearbeidsutvala (FAU) ved dei to skulane meiner ei slik endring ikkje er løysing på problemet – berre ei mellombels flytting av problemet  fram i tid.  Det same meiner Stord Venstre,   som slår til lyd for at  kommunen bør ta i bruk  sin eigen skuletomt i Kårevikmarka – til skuleføremål. 

FAU ved Tjønadlio  viser til at det er utbygging og generasjonsskifte på gang i eigen krins  som gjer at  skulen vil fyllast opp i åra som kjem.  Med  tanke på all transport  av elevar  til skule og aktivitetar som vil følgje med om grensene blir dregne mot   Hornelandsvågen og Hatlandsåsen  vil den trafikale kvardagen kring Tjøndalio bli endå meir kaotisk enn tilhøva er alt i dag.  Det blir rådd til ny skule i Hatlandsområdet.

Stord Venstre følgjer opp  FAU ved Langeland skule kring ideen om at  kommunen lengjer leigekontrakten  for  modulbygga  Stord Ungdomsskule held til i,   i påvente av  å koma inn i nyeskulen.

FAU  ved Langeland foreslår løysingar med mellombels bygningsmasse for Langeland skule for å unngå å splitta nabolag. Mellombels modulbygg kan settast opp på kort tid og er mindre kostbart enn fast bygg. Dei delane av den mellombelse ungdomsskulen for Stord Vidaregåande skule som ikkje skal til Sagvåg,  kan vurderast å gjenbrukast på Langeland. Mellombels bygg kan plasserast  på jordet tvers over vegen for Langeland skule. Fyller ein ut med masse og set modulbygg oppå, kan dette arealet enkelt konverterast tilbake til jordbruksareal igjen om nokre år, når kommunen evt kjem i gong med ny skule på Hatland. Med ei slik løysing fjerner ein ikkje uteareal frå skulen, og administrasjonen vil vere den same.

Andre alternativ er  mellombels skule ved fotballbanen på Langeland. Me foreslår å låne areal frå utbyggjar i Langelandsstølen til dette føremålet for å unngå å stjele uteareal. Ein fjerner då ikkje uteareal, og administrasjonen vil vere den same. Stord kommune har ei tomt i Kåreviksmarkjo som er regulert for skule. FAU foreslår ein midlertidig bygningsmasse på denne tomta, til kommunen evt kjem i gong med ny skule på Hatland.

Fristen for å koma med  innspel i Krinsgrensesaka  er  passert. Den politiske prosessen startar i  Komite for oppvekst og utdanning i november.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.