Nyhende — 11 oktober 2017

Dei siste dagane har nyehallen på Vikahaugane vore fylt opp av ungdommar i alle aldrar under datatreffet IPX.
Nær 300 personar hadde kjøpt billett og berre nokre få ledige plassar stod tomme. Det er ikkje berre dei som spelar og har med data som kjem innom, forutan foreldre (som kjem gratis inn), var det óg 150 besøkande.

– Det er det beste året me har hatt sidan me starta opp igjen i 2014, fortalde administrasjonsleiar Stian Sætre, som sjølv har vore med sidan 2006.
Før var det gjerne mest interesse fordi ein ikkje hadde så godt nett heime, medan ein i dag samlast mest på grunn av det sosiale, fortalde han.

Lars Olav Vaka (14) var ein av dei som hadde teke turen som besøkande.
– Eg har faktisk vore her kvar dag. Eg følger med på konkurransane og korleis det går med venene mine, fortalde han.

I løpet av dei fire dagane treffet går over er det mange som sover over i lokala. Elles går mykje av underhaldninga i konkurransar på både storskjerm og individuelt.

IPX er eit arrangement basert på frivillighet, og er sett i stand av dei til saman 35 frivillige.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.