Nyhende — 01 oktober 2017

Underst i containeren ligg ein liten mopedbil, henta opp ved ferjekaien. På toppen syklar og diverse stål.  To containerar vart fylte.

 Ein liten mopedbil, handelvogn, gamle bildekk, fleire syklar, diverse mindre ståkonstruksjonar og ein eldre lystbåt som over tid har hatt tilhald under vassflata.  Til saman henta  medlemer  i Stord Undervannsklubb  laurdag opp fleire tonn søppel  frå botnen i indre hamn i Sagvåg og ved gamle ferjekaien.  Stor-dugnaden «Me ryddar botnen»  var eit framhald av undervannsklubben  sin særs vellukka ryddekasjonen på botnen av indre leirvik hamn i fjor.  Der vart det teke opp rundt  8 tonn søppel av ymse slag.  Kommunen stilte med hamnebåten og fleire lastebilar var med og frakta  «funna» på sagvågsbotnen  til rett leveringsadresse for   avfall – til SIM.

Hjå dei som  jobba i sjøen og hjå publikum på land var det  samstemt meining om at  det har vore for lettving å seie «hiv da på sjø’d»  når ein  skal kvitta seg med ting.   «Me ryddar botnen» er eit framifrå tiltak med solid miljøsignal  om at sjøen slett ikkje er noko boskorg.  

Torbjørn Vestbøstad (t.h) og Severin Birkeland – to at medlemen i Stord undervannsklubb som jobbar ryddedugnad på sjøtonen i Sagvåg.

Båten bar preg at langt undervassopphald  og vart frakta til SIM for hogging..

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.