Nyhende — 07 oktober 2017

Leif Ove Andsnes –  måtte gje to ekstranummer då han avslutta  Flygelfesten

Det var mellom dei to ekstranumra på tampen av  flygelfesten i Kulturhuset,  pianist Leiv Ove Andsnes dobbeltgledde publikum med utsegna: Her skal det bli gøy å spela framover. Dobbelglede i den tyding at berre det å få vera mellom dei lyttande i salen på første konserten var ei sann glede.  Når så den gneistrande gode pianisten lova  speling i tida framover også på det nye Steinway-flygelet, blir det meir musikalske glede å henta.   Andsnes såg både mot det skinande  instrumentet og det ståande publikum då lovnaden kom.

Flygelfesten  fredag kveld hadde elles eit rikhaldig repertoar:  Klaver og song frå  Andsnes og sopran Mari Eiksmoen,  både firehending og solistinnslag med søstrene Turid Bakke Braut og Signe Bakke ( med oppveksten på Stord).  Firehendig  på piano og flygel  med  Siv Kvalvik og Irene Simonsen  og solistinnslag  med ein fin porsjon humor frå Marit Kjetland Rabben.   Vidare var det danseinnslag  frå  både lærar  Jorunn G. Whittaker  og fordjupingselevar i klassisk tåspiss  frå Stord kulturskule  til  musikk  frå  pianist og lærar Magnus Blom.     Vakkert å høyra og vakkert å sjå.  

 

– Tenk at eg skulle få oppleva dette, noko så fantastisk, kviskra ei dame oss i øyra.  Ho var på same vis som det store publikum på denne konserten,   eit stort smil frå første anslaget  på det nye Kulturhus-flygelet.  Då teppet gjekk til sides i opningsscenen,  stod flygelet åleine på scenen – og hausta sterk applaus. Så  er då også Steinway produktet av så høg klasse at  det er å finna i dei største konsersalen rundt i verda.   Innkjøpet er gjort i eit spleiselag mellom  Musikkrådet sin flygelkomite (og mange sponsorar)  og Stord kommune.  Andsnes har vore faghjelpa  i prosessen.

Lyden i storsalen under første Flygelfesten var ekstra  god, der sjølv det  lettaste  anslaget på tangentane fylte heile romet.   I høve konserten var det leigt inn anlegg av  typen «aller aller best».  Det merkast. 

Alle var dei imponerte over det nye Steinway-flygelet i Kulturhuset:  f.v Turid Bakke Braut, Irene Simonsen, Marita Kjetland Rabben, Leif Ove Andsnes, Siv Kvalsvik og  Signe Bakke.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.