Småstoff — 17 oktober 2017

«Elding» har no namnet «Norfolk» og seglar med sportsfiskarar på Finmark.

Stordnytt-soga om skøyta «Elding» bygt av Gunnar Djuve på Leirvik i 1945, som i dag har namnet «Norfolk» og seglar med sportsfiskarar på Finnmark-kysten, har nådd mange lesarar. Spesielt hjå John Eldøy i Emden i Tyskland vekte oppslaget gode minne. Det var far hans, Jens Eldøy, som tinga og fekk bygt skøyta hjå den kjende båtbyggjaren på Skotaberg. Eldøy har sendt oss denne tilleggsinformasjonen om skøyta:

– Det var kjekt å lesa artikkelen om «Elding». Eg var seks-sju år gamal då far min på hausten i 1944 teikna kontrakt med Djuven om bygging av båten. Eg trur ikkje kontrakten var altfor innvikla for den vart underskreven på kjøkkenbordet til Djuven og var sikker ganske fri for dagens kommersielle flosker. Signeringa var feira med nysteikte vaflar.

Båten var klar for sjøsetting i januar 1945, men då det låg ein båt full-lasta med ammunisjon ved Thiisafabrikken like ved , måtte seremonien gå føre seg på enklaste måte.

No ville det seg slik at før båten glei av beddingen så gjekk flyalarmen og me måtte i all hast av garde via Sponavikjo retning Gullberg. Etter ei tid kom «faren over», og då me kom attende til Djuven låg båten og djuva på sjøen og pappen sto med eit stort smil på bauen. På grunn av omstendighetene rundt denne ammunisjonsbåten vart «Elding» slept til Eldøysjøen for vidare utrustning. Derfor er setninga om Eldøy mek. Verksted ikkje heilt av vegen. Eg huskar godt at pappa sov ombord for å hindra, at nokon skulle stikka av med kutteren retning Shetland. Minner som har brent seg fast i minnet til ein sjuåring og som artikkelen i stordnytt.no får fram att. Takk til deg for det!

PS: Då eg etterpå stolt fortalde historia til klassevennene mine på folkeskulen, sa Frk. Borevik, lærarinna vår, at det var eit flott navn på båten som jo på ekte norsk heiter er Lyn. Så seinare har eg merka meg det!

Klikk her og les den første artikkelen om «Elding».

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.