Nyhende — 09 oktober 2017

Denne veka seglar M/S Sunnhordland som kulturskip i Ryfylke.

Tar du turen  til hamneområdet  på  Finnøy  i dag, eller til Forsand tysdag, Strand onsdag, Suldal torsdag, Sauda fredag,  Hjelmeland laurdag eller  Rennesøy søndag –  vil du alle stader finna   M/S Sunnhordland  som denne veka er hyrt inn til å vera  kulturberar  mellom seks kommunar i Ryfylke.

– Ein spennande jobb for skip og mannskap, seier  Sigbjørn Framnes  i driftsselskapet  for  veteranskipet.   

– Komiteen som står for samordninga av denne spesielle kultur-turen, såg først  på   sine  eigne veteranar, «Sandes» og gamle «Rogaland» – men «fall»  for «Sunnhordland»  som med salong både forut og akter og godt  skjerma nedre akterdekk  har rom for fleire aktivitetar samstundes. 

Når kulturbåten  kjem til tettstadene  i Ryfylke  er det med eit omfattande  og mangfaldig program: konsertar, teater,  utstilling, kåseri – pluss  eit stort telt som på blir sett opp på kaien ved skipssida. Der skal det visast kino.

Og – kanskje kan  det kulturelle samarbeidskonseptet mellom  kommunar søranfor  gje inspirasjon til noko liknande kring Sunnhordlandsbassenget?

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.