Nyhende — 20 oktober 2017

Digital mobbing er tema for ein informasjonskveld  i hovudbiblioteket, Kulturhuset torsdag 26.oktober kl. 19.00. Me får då besøk av  Adrian Lorentsson. Han har brei erfaring frå det psykiske helsefeltet, og fekk Tabuprisen i 2017. Han er tidlegare styreleiar i Mental Helse Ungdom. No arbeider han som kommunikasjonssjef  i organisasjonen. Elles har han m.a. arbeidd ved Sagatun Brukerstyrt  Senter, og som rådgjevar i brukarmedverknad  hos fylkesmannen i Hedmark.

Etter foredraget  vert det høve til  spørsmål og samtale. Arrangørane vonar å nå ungdom, foreldre, lærarar og barnehagelærarar, fritidsleiarar og andre som møter barn og unge i det daglege.

Adrian Lorentsson, Foto: Mental helse

Temakvelden er ein av fleire i samarbeid mellom Læring og meistringssenteret i Helse Fonna. (LMS) og folkebibliotek i distriktet. Også andre samarbeidspartnarar har vore med på slike informasjonsopplegg. Angst, stressmestring og depresjon er mellom andre tema som har vore  presenterte og drøfta på informasjonskveldar.

Folkebiblioteka skal vere eit forum for offentleg samtale og debatt. Dei er såleis ein god kanal for å nå ut med informasjon om psykisk helse og viktige samfunnsproblem i denne samanheng.

Arrangør denne gong er Helse Fonna, Mental helse  og ulike instansar i Stord kommune.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.