Dei to konsertane i Flygelfest1, med den klassiske biten fredag og jazzen søndag, er gode garantiar for at det blir mykje å gleda seg til framover i Kulturhuset – av tonar og klagar i ymse sjangrar.
Leiar i Stord jazzklubb, Olav Fjell, lova jazzhøgtida då han ønske velkomen til musikalske møte med duoen Vigleik Storaas (piano) og Tor Yttredal (saksofon) og trioen Sven Olav Herstad (piano) Magne Thormodsæter (kontrabass) og Håkon Mjåset Johansen (Trommer). Og ei ny musikalsk høgtid blei det, levert og servert av så dugande og proffe karar at det berre var å lena seg tilbake i gode stolar og nyta.
Jazzpianistane let til å storkosa seg på det nye Steinway-flygelet, noko dei også gav munnleg uttrykk for. – Eit stasinstrument.
Sven Olav Herstad sa som sant er at Stord er ein musisk stad. Han trudde til og med hestane på øya var musikalske! Saksofonist Tor Yttredal med stordoppvekst meinte det var beint naturleg med eit flygel av høgs klasse ein mangfaldig tettstad, der det til dømes, og utan samanlikning elles, er tett i tett med kunstgrasbanar for dei som driv syslar i den lei.
Bassist Magne Thormodsæter er også stordabu og både han og Yttredal baud saman med sine med musikarar på eigenkomponsisjonar. Smekre saker . Endå ei stadfesting på høg musikalitet på øya, fekk eit takknemleg publikum (ca 200) då saksofonist Ole Jakob Hystad var solist i siste låten med trioen – før ekstranummeret.
PS: Berre det å kunna sitja slik i stor stille sal utan eit forstyrrande element der den handspelte musikken har hovudrolla, er sjelegode saker. Så var det då også mange smilefjes som fortlet storsova søndag kveld.
Andre nyhende

Etterlyser igjen trafikksikring ved Storavatnet
april 20, 2018
Kyrkjeberget i nyfjelga vårdrakt
april 20, 2018
Sprikande søkjartal for Campus Stord
april 19, 2018
Venelag for M/F «Hardangerfjord»
april 19, 2018
Tak over rasteplassen ved Hauglandskverna
april 18, 2018
Kan mista vatnet eller få redusert trykk
april 17, 2018
Ikkje til venstre mellom klokka 14 og 17
april 17, 2018
80 meter mølleblad mot Midtfjellet
april 17, 2018
Jazzklubben med barnekonsert og kyrkjekonsert
april 16, 2018
Må ta omsyn til grunnmur og steingard
april 16, 2018
Fyrstasjonen klar for utleige
april 15, 2018
Årsmøte i Utdanningsforbundet Stord
april 14, 2018
75 års krigsminne på Leiro
april 13, 2018
– Fylkeskommunen må ikkje bli «overkommune»
april 13, 2018