Nyhende — 13 oktober 2017

Neste helg er det på ny duka for julemesse i Stord kulturhus, etter nokre års pause. Biletet er frå ei anna julemesse for nokre år sidan. Arkivfoto

24. november er det endeleg duka for julemesse på Leirvik igjen. Tilbodet på Vikjo har vore savna av mange, sjølv om både Samhald og Solidhuset arrangerer liknande. Initiativtakarane bak julemessa på Leirvik er Anne Marie Finnreite, saman med Karina Mäkinen og Hilde Alfarnes.

– Det har vore eit sårt sakn, og det er jo kjekt når det skjer ting på Vikjo, fortel Finnreite om kva som er motivasjonen bak.

Ho fortel at det er mange kreative folk på Vikjo, og at responsen har vore svært god.

– Me har til og med folk på venteliste, forklarar ho stolt.

Dei ynskjer ei allsidig messe, slik at det ikkje blir for mykje av enkelte produkt. Dei gjer merksam på at det ikkje blir ei rein handverkmesse, sjølv om handverksprodukta er i klart fleirtal.

No gjennstår førebuingar og planlegging og Finnreite håpar at stordabuen vil møta opp. 

– Dersom det blir suksess håpar me jo på at det kan blir eit årleg arrangement, men det får me sjå etter messa, avsluttar Finnreite.

FOTO: Elisabeth Hjelland (Matmarked)

Julemessa blir i Stord Kulturhus, der vestibylen og underetasjen skal nyttast. Det vert óg kafé i regi av Elisabeth Hjelland som driv Matmarked.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.