Nyhende — 18 oktober 2017

Frå den særs godt mottekne konserten på Osvald i februar.

På Arena fredag 24. november er det duka for ny runde med Klangboltane sine eigne gjendikta versjonar av amerikanske køntrifavorittar, på klingande stordamål (eller grishusmål som det heiter lokalt i koret). Då det brautande mannskoret hadde premiere på det sjølvskrivne stoffet i februar, førte det til to enormt utselde kveldar på Osvald pub.

Boltane kan lova to timar med fantastiske songar av mellom anna Johnny Cash, Willie Nelson, Hank Williams og John Prine i far og son Øystein og Endre Olsen sine gjendiktingar, ispedd nokre hits frå Salhus og Vømmøldalen og ein god del fake news frå Klangbolt-land ved Joar Losnegård.

Billettane er no i sal på verdsveven.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.