Nyhende — 12 oktober 2017

På handballskulen er det instruktørar frå herre- og damelaget, i tillegg til folk frå ungdomsgruppene som hjelper til. FOTO: Ingvild Eide

Frå onsdag til fredag denne veka arrangerer Stord Handball handballskule for barn frå heile øya. Det er fyrste gong det vart arrangert av breiddeklubben og ikkje saman med sponsorar og under leiing av Stord Elite.

– Me synst det er viktig å halda fram med dette tilbodet, og vil fortsetja å ha det i haust- og vinterferiane, fortalde styreleiar Aksel Sæter.

Rahaf Ali Samey (9) deltek på handballskulen for fyrste gong. – Eg har berre spelt handball i gymtimane før dette, forklarte ho. Alle som er med får eiga drakt, drikkeflaske og handball. – Eg likar best å dabba og å scora mål, fortalde Rahaf og viste stolt fram handballen sin.

 

Over 40 ungar er med på opplegget på Vikahaugane, som inneheld meir enn berre handball.

– Me startar klokka 07 med frukost til alle. Så teiknar me gjerne litt før det er handball frå 09.00 -11.30. Då er det lunsjtid, men som du ser er mange inne og spelar så snart dei har ete opp, smilte Franny Bøthner, ansvarleg for handballskulen. Utover dagen er det meir handball før ei roleg avslutning med film og teikning fram til kl: 15.30.

Dersom det blir høve til det ynskjer dei gjerne å utvide tilbodet til å inkludere sommarskule óg.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.