Nyhende — 12 oktober 2017

Bilete frå i fjor. FOTO: Indremisjonssamskipnaden

I dag startar Pit Stop for sjuande gong. Det kristne ungdomsarrangementet har for mange blitt tradisjon i haustferien. IMS, ImF-UNG og andre lokale ungdomslag står bak arrangementet. PitStop er i stor grad av og for ungdom, som står for både planlegging, gjennomføring og deltaking.

Programmet dei neste dagane består i møter, seminar og aktivitetar. Det sosiale går i caféen i bedehuskjellaren, i tillegg til konsertar.

Jan-Erik Gino Mæland, «GinoBless». Pressefoto

Spesielt i år er at dei skal ha konsert med rapparane GinoBless og Sowdiak (Joachim Stensland).

– Me håper dei vil nå ut og ynskjer å visa at kristenmusikk er meir enn berre salmebøker, fortel ungdomssektretær i IMS, Jakob Saghaug.

GinoBless har blant anna brukt musikken i arbeid mot mobbing.

– Me ønsker å skapa eit godt sosialt miljø for ungdommar frå heile Sunnhordland og omegn, og sjølvsagt å nå ut med ein bodskap om at Jesus elsker kvar og ein, og for å svare på spørsmål dei har om bibelen, avsluttar Saghaug.

Arrangementet går 12.-15.oktober i Leirvik Bedehus og er ope for alle ungdomar frå 8.klasse og oppover.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.