Nyhende — 13 oktober 2017

Pressemelding frå Wärtsilä:

Verdas første offshorefartøy som erstattar motor med batteri

Ein ny milepel i utviklinga av batteriteknologi er nådd då Wärtsilä nyleg fullførte installasjonen av eit hybrid energisystem om bord på Eidesvik Offshore sin «Viking Princess». Det norske skipet er nå det første offshorefartøyet i verda der batterier har redusert talet på hovedmotorar ombord. Den nye løysinga for energilagring vil forbetra effektiviteten til motoren, noko som gjev reduksjon av klimautslepp og innsparing av drivstoff.

Supplyskipa er arbeidshestane i offshoreindustrien, og skipa sin energiforbruk svingar kraftig i takt med dei ulike oppgåvene dei utfører. Denne høgt variable operasjonsprofilen gjev eit monaleg potensial for å spara drivstoff gjennom å auka effektiviteten til motorane om bord. Wärtsilä sitt lagringssystem for energi kan redusera drivstofforbruket med opptil 30 prosent under ulike operasjonar, og CO2-utslipppa med omlag 13 til 18 prosent per år – avhengig av skipet sine operasjonelle krav. Hybridløsninga gjev i tillegg ei meir effektiv belastning på motorane, samstundes som intervallane mellom vedlikehald av motorane kan utvidas.

«Viking Princess» køyrer nå med ein kombinasjon av ei batteripakke for energilagring, og tre LNG-drivne Wärtsilä-motorar. Den nye løysinga gjev nok energi til å dekka toppane i forbruket av energi, noko igjen som resulterer i ein meir stabil belastning på motorane. Teknologien lignar på den som blir brukt i hybridbilar, ved at den forhindrar motoreffekten frå å synka og bruker kraftoverskuddet til å lada batteriene på nytt når dei har trong for det. Wärtsilä sin fjernovervåking og operasjonelle rådgjevningsteneste, støttar den daglege drifta av fartøyet og sikrar effektive og optimaliserte operasjonar.

Wärtsilä fekk jobben med å erstatta éin av dei fire motorane på «Viking Princess» med batteri i mai i år. Det ombygde fartøyet blei overlevert til Eidesvik Offshore den 9. oktober.

Påvirkar fremtida til heile shippingindustrien

– Eidesvik og Wärtsilä sitt partnarskap går tilbake til 2003. Da blei eit anna av våre skip, «Viking Energy», det første LNG-drivne forsyningsfartøyet i offshoreindustrien. I fellesskap introduserer me no nok ein «verdas første», når «Viking Princess» er det første offshorefartøyet der batteri reduserer talet på motorar om bord. Me er takknemlege for at Wärtsilä gir oss teknologien og kunnskapen som gjer dette mogleg, seier Vermund Hjelland, President Technical Department, Eidesvik Offshore.

– Dette er ei særs fremtidsretta løysning, og me gratulerer Eidesvik Offshore med å vera framsynte nok til å verdsetta fordelane som det hybride energisystemet tilbyr. I tillegg til å redusera miljøutslepp og drivstofforbruket, gir konverteringa også lågare kostnadar til  vedlikehald og bidreg til sikrare og meir effektive operasjonar. Suksessen i dette prosjektet vil påverka fremtida for heile shippingindustrien, seier Sindre Utne, Manager Projects and Operations, Wärtsilä Norway.

– Wärtsilä sin fordel er at me har eit særs avansert integreringsnivå for marin hybridteknologi. Det har me nådd gjennom å kombinera vår kompetanse på motorar, elektro- og automasjonssystem og digitale løysingar, legg Utne til.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.