Nyhende — 22 oktober 2017

Trappene i Fossabrekko er eit velbrukt folkehelsetilbod.

I normal middags- (og grauttid) laurdag hadde 1850 personar skrive seg inn i gjestebok nummer 10 på den vesle kvile- og utsiktsplassen på toppen av Fossatrappo. Legg med til 22 491 namn i dei ni første bøkene (plass til 2 499 i kvar) viser desse at 24 341 har skrive seg inn i manntalet i Kvele så lang. Det var stor trafikk gåande i fjellet laurdag og med opplett søndag, er det rimeleg sikkert at trappegjest nummer 25.000 blir bokført. Imponerande tal, som viser at sherpatrappene er eit folkehelsetilbod av beste sort. Snart 10 bøker utskrivne bøker på halvtanna år, er kjempemessig. Første boka vart lagt ut 28. mai 2016. Det går snøgt å fylla ut linene. I perioden 11. juni til 29. juli i år vart ei bok fullskriven, neste i perioden 29/7 – 16/9. Faktumet at turfolket er glade i trappeutfordinga vert styrkt når det kan leggjast til at veret dei siste somrane ikkje nett av vore av det fjell-lokkande slaget.

God tur opp Fossatrappo.

Gjesteboka ligg i boksen på nordsida av Sherpavarden.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.