
M/Kr «Norfolk» – ex «Elding» – er bygt ved Grunnar Djuve Båtbyggeri på Skotberg på Leirvik i 1945. (Foto: TV2)
– Kor kan ho ha blitt bygt den der skøyto «Gutta på tur» var på fisketur med? Blei sagt i det populære TV 2-programmet at ho var verna og kom frå Stord.
Dette var spørsmålet stordnytt.no fekk frå fleire lesarar med sterke lokalmaritime interesser. Nettavisa lova karane svar.
Namnet på båten og reiaren fekk med snart tak i via ein hjelpsam programleiar Arne Hjeltnes. Motorkutteren (M/Kr) har ei lang tid hatt namnet «Norfolk» og er i eige hjå Reidar Nilsen, i Finnmark. Nilsen var fleire år leiar i Fiskarlaget, og «ror feske» framleis. «Norfolk» fekk for ein del år sidan Riksantikvaren sin vernestatus, etter seglinga i fraktefarten aust i Finnmark i det storstilte arbeid med gjenreisinga av kystsamfunna der etter krigen. Båten blir i dag brukt i turistfiske.

«Gutta på tur» opplyste at «Norfolk» – ex «Elding» – er bygt på stord og er no i klassen for verna farty. (Foto: TV2)
– Men kor vart båten bygt på Stord?
I eit oversyn frå Nord-Norsk Fartøyvernsenter i Gratangen, der kutteren var til overhaling i åra frå 2009 til 2014 står det at verftet var Eldøy mek. Verkstad og byggeåret 1943. Men på verkstaden ved Eldøysjøen er svaret nei, på spørsmål der er laga båter. Etter nokre fleire telefonar og søken, kan det slåast fast at verftet låg på Skotaberg i Leirvik hamn, der Gunnar Djuve dreiv rimeleg stort med trebåtbygging på 1930 og 40 talet. Den 55 fot lange kutteren vart bygt for Jens Eldøy, vart døypt «Elding» og brukt i lokal frakfart før han vart seld og enda nordpå.
– Framleis ei god og fin skøyte, seier reiar Nilsen.
Andre nyhende

Etterlyser igjen trafikksikring ved Storavatnet
april 20, 2018
Kyrkjeberget i nyfjelga vårdrakt
april 20, 2018
Sprikande søkjartal for Campus Stord
april 19, 2018
Venelag for M/F «Hardangerfjord»
april 19, 2018
Tak over rasteplassen ved Hauglandskverna
april 18, 2018
Kan mista vatnet eller få redusert trykk
april 17, 2018
Ikkje til venstre mellom klokka 14 og 17
april 17, 2018
80 meter mølleblad mot Midtfjellet
april 17, 2018
Jazzklubben med barnekonsert og kyrkjekonsert
april 16, 2018
Må ta omsyn til grunnmur og steingard
april 16, 2018
Fyrstasjonen klar for utleige
april 15, 2018
Årsmøte i Utdanningsforbundet Stord
april 14, 2018
75 års krigsminne på Leiro
april 13, 2018
– Fylkeskommunen må ikkje bli «overkommune»
april 13, 2018