Nyhende — 23 oktober 2017

Den frie evangeliske forsamling Ebenezer har sitt eige forsamlinghus på Døso.

Oversyn frå Brønnøysundregisteret fortel at 1529 personar i Stord fordeler seg, og er medlemer i 89 forskjellige trus- og livssynssamfunn utom Den norske Kyrkja. Trus- og livssynssamfunna mottek driftsstøtte frå kommunen etter utrekning basert på tal medlemer, etter same «takst» som går til drift av kyrkjekontoret/sokna. Storparten av dei registrerte trus-samfunna står oppførte med færre enn 10 skrivne medlemer i Stord kommune.

Oslo katolske bispedøme er det største med 370 medlemer, så følgjer Brunstad Christian Church med 253 medlemer, Human Etisk forbund 209 medlemer, Stord islamsk kultursenter 189 medlemer, Jehovas Vitner 63 medlemer, Kristent Fellesskap 51 medlemer, Kristkyrkja 46 medlemer, Den frie evangeliske forsamling Ebenezer 43 medlemer, Stord Bibelsenter 32 medlemer, Menigheten Nytt Liv i Sunnhordland 22 medlemer, WAT Buddhapas Samfunn i Haugesund 18 medlemer, Svenska kyrkan i Norge 18 medlemer, Kristi Åpenbarings Menighet – den russisk ortodokse kyrkje 18 medlemer og Metodistkirken i Norge 17 medlemer i Stord.

Jehovas Vitner har sitt forsamlingshus på Kattatveit.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.