Nyhende — 11 oktober 2017


Rundt 50 personar hadde teke turen då det tysdag var invitert til årets haust-folkemøte med Litlabø EM.

Ordførar Gaute S. Epland skrytte over samarbeidet med kommunen og var imponert over lokalsamfunnet på Litlabø og Sagvåg, som har teke godt i mot flyktningane.

Leiar Håkon Frode Særsten var minst like full av skryt, og takka både lag, organisasjonar og alle frivillige. I oktober i år er det to år sidan Litlabø EM starta opp. Den gong var det 88 asylmottak i landet – i dag er det 11, og det blir færre.
– Det er jo ei spanande tid dette, men representanten frå UDI lova å koma på neste møte, så me varar i alle fall seks månadar til, spøkte Særsten.

Særsten delte ut skryt og blomar til alle lag og organisasjonar som har vore til stor hjelp for mottaket.

Frå nasjonale møter med andre mottak seier Særsten at opplevinga er at Litlabø er nokså unikt.
– Den støtten me får frå både frivillige og offentlege instansar, er det ikkje alle som er like heldige å ha, forklarte Særsten.
Han trekte særleg fram samarbeidet med DPS, og poengterte kor viktig støtten frå alle er og har vore for gutane som bur på mottaket.

Særsten påpeikte at det sjølvsagd er utfordringar: ungdomar er i ein vanskeleg alder og i tillegg legg det særleg press på situasjonen når nokon får avslag på opphald til dømes. Samstundes trekte han fram kor godt det har gått, og såg med optimisme på framtida. Dei neste månadane skal mottaket få 14 nye bebuarar, 3 av dei jenter.
– Det er fyrste gong me får jenter, så me har prøvd å leggje litt tilrette for dei med eige opphaldsrom blant anna, fortalde Særsten.

På spørsmålsrunden frå salen var det få spørsmål. Etterkvart rekte nokre opp handa, og alle sa det same: Takk for den gode innsatsen.
Hets og måten ein omtalar flyktningane på vart óg teke opp, som eit område som kan forbetrast av alle.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.