Nyhende — 13 oktober 2017

Pressemelding:

 Bedriftshelesetenesta Ysst HMS fyller 30 år i år. Det markerer dei med eit sterkt program på Ysst-konferansen torsdag 19.oktober.

Ysst-konferansen har hausta mykje lovord dei siste åra. Ein hovudmålsetnad er å gje deltakarane motivasjon og ny kunnskap knytt til helse, miljø og sikkerheit (HMS).

  • Me som arbeider i Ysst ser tydeleg kor stor verdi det er for tilsette og leiarar i bedriftene å få positivt påfyll knytt til arbeidsmiljø. I tillegg er sjølvsagt konferansen ein ypparleg nettverksarena. Her får ein møte nye folk ein gjerne ikkje naturleg møter i arbeidskvardagen elles, seier dagleg leiar i Ysst, Åsa Eldøy.

Rockemusikar med humoristiske stikk

Ho meiner vinnaroppskrifta tidlegare har vore å satsa på gode innleiarar som kombinerer det faglege med humor og glimt i auga.

  • Det trur eg me har lukkast med også i år. Dei som kjem får blant anna møte Pellegrino Riccardi. Den italienske rockemusikaren og motivatoren tek for seg den norske leiarstilen. Det blir nok både løye og «litt vondt» for enkelte, trur Eldøy. 

Det starta på eit legekontor

I tillegg til Riccardi kjem blant anna Siri Lill Mannes og fortel om korleis ein kan nytte storytelling på jobben, og Odd Sevland fortel sin eigen gripande historie der ei alvorleg ulukke er bakteppe. Det heile fortalt med kløkt, klokskap og ein god porsjon humor.

  • Og så vil me sjølvsagt markere på konferansen at Ysst er 30 år i år. Me er veldig stolte av at det som starta som ei lita enkel bedriftshelseteneste på eit legekontor på Bømlo for 30 år sidan, i dag er ei sprell levande og lokal bedrift som sysselset 10 tilsette med høg fagkompetanse, fortel Eldøy vidare.

Viktig å tilby relevant konferanse

Dei siste sju åra har Ysst HMS nær dobla talet på medlemsbedrifter frå 70 til 135.

  • Sunnhordlandsbedriftene er flinke til å nytta oss, og difor er det også viktig for oss å strekka oss litt ekstra og tilby dei ein relevant konferanse. Så her er det berre å melde seg på omgåande for alle interesserte, oppmodar bedriftssjukepleiar og HMS-rådgjevar Kjellaug Johansen som har ansvar for gjennomføringa av konferansen.

Fakta Ysst-konferansen

  • Kor: Bømlo kulturhus 19. oktober kl. 08.00 – 14.45
  • Innleiarar: Pellegrino Riccardi, Torhild Taraldsøy, Siri Lill Mannes, Odd Sevland og Åsa Eldøy
  • Konferansier: Trond Haldorsen
  • Tema: «Godt og blanda»

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.