Nyhende — 30 november 2017

Illustrasjon: Colourbox

Bruk dagen til å byte batteri og testa røykvarslarane dine.

I desember i fjor døydde det åtte nordmenn i brann. Det vil seie at det omkom ein person kvar fjerde dag. I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 4 707 bygningsbrannar i Hordaland. Det har omkome 71 personar i brann i same periode. Fem personar har så langt i år omkome i brann i fylket.

– Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader som ikkje har fungerande røykvarslarar. Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset, seier varabrannsjef Jan Ove Anthun.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

– Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din, seier Anthun.

Røykvarslarar bør testast jamleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

– Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Anthun.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brann- og feiervesenet.

Lokale arrangement

Stord brann og redning vil ha stand ved Amfisenteret på Leirvik fredag. 1.desember.

På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Denne saka er henta frå stord.kommune.no.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.