Nyhende — 09 november 2017

Regnskiljet viste godt over Børtveit her om dagen.

Kvar morgon klokka 0800, i mange mange år, målte og noterte Anders Børtveit nedbøren siste døger på Børtveit. Det same vart gjort på målestasjonar på Dale (Litlabø) og på Fitjar. Med faste mellomrom vart noteringane sende til meteorologisk institutt for å bli ein del av statistikken. Dei lokale målepunkta er for lengst lagde ned, no er det nedbørsmengda sentralt i by’dn me får opplest på lokalradioen.

Biletet over desse tekstliner gir eit framifrå døme på realiteten når det gjeld nedbøren på austsida av Stordøya. Nord for Uføretunnelen er det som om regnskyene stoppar opp for å sleppa frå seg alt innhald.

– Det har alltid vore nedbørsrikt på Børtveit. Når årsnedbøren vart summert, kunne det skilja så mykje som 1000 mm mellom oss og målingane gjort på Dale og i Fitjar, fortel Anders Børtveit.

– Litt kan det nok ha med fjellet å gjera, men den avgjerande årsaka vil eg tru er fasongen på Langenuen. Nuen er på det smalaste ved Børtveit og gjer samstundes ei sving slik at regnskyene blir pressa saman i dette «klypet» og derav dei lokalt store nedbørmengdene.

PS: I natt vart det målt 10 mm regn i timen i landsdelen vår.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.