Nyhende — 10 november 2017

Bergknausen i lenging av Backertunet blir sprengt bort som ein del av grunnarbeidet for nye sjukeheimen.

Innbakt i kontrakten som er signert mellom kommunen og Engelsen Bygg AS for ny sjukeheim i Kringsjå, er også at den høge bergknausen i lenging av Backertunet skal sprengjast og fjernast. På den sentrale tomta som då vil openberra seg, er det tanken å byggja ei femhøgders blokk. Der blir det parkering til mellom 20 og 30 bilar på grunnplanet, aktivitetssenter for eldre i andrehøgda og så tre etasjar med omsorgsbustader. Ein del av desse kjem «i byte» med omsorgsbustadene i Myro, der huseigar har varsla oppseiing av leigeavtalen med kommunen. Prosjektet er gunstig for kommunen i og med at husbanken yt gode tilskot til denne typen bygg.

Kva dei store mengder stein som skal sprengjast bort skal nyttast til, er førebels uklart.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.