Nyhende — 10 november 2017

Dag Jørund Lønning har skrive «Jordboka – Det fantastiske universet under føtene våre».

Tysdag 14. november kl. 19.00 kjem Dag Jørund Lønning til Stord folkebibliotek. Han vil snakke om temaet Den nye grønne revolusjonen. Utgangspunkt er m.a. Jordboka som Lønning nettopp er kome ut med. Boka har undertittel Det fantastiske universet under føtene våre.

Under føtene våre ligg jorda med eit mangfaldig liv. I boka kan vi lese om vesen med eineståande eigenskaper som alle er del av eit økologisk samspel. Dette samspelet er avgjerande for livet på jorda. Boka tek for seg nye idear og praksisar i høve til matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen. Boka er skrive for eit breitt publikum, og er populærvitskapleg vinkla.

Dag Jørund Lønning er frå Stord og er professor og rektor ved Høgskolen for Landbruk og bygdeutvikling. Han har m.a. skrive fleire bøker om bygde-og gardsutvikling. I 2015 vart han kåra til Årets bygdeprofil.

Då er det Andelslandbruket på Lønning som er hovudarrangør saman med fleire andre.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.