Nyhende — 10 november 2017

Ola Nesse (t.v.), Gudny Eldøy Kydland og Ørjan Stokka sel flest eigedommar i Sunnhordland, med rundt 300 i året. No får dei endå meir å gjera, når dei no overtek Garanti sine prosjekt for Vestbo i regionen. Foto: Eiendomsmegler Vest

Garanti legg ned avdelinga på Stord, og Vestbo har inngått avtale med Eiendomsmegler Vest sitt kontor på Leirvik om å driva meklartenester for Vestbo sine medlemmer i Sunnhordland.

Avtalen gjeld frå oktober 2017.

Avtalen inneber at Eiendomsmegler Vest overtek dei oppgåvene Garanti hadde, og skal blant anna bistå Vestbo sine medlemmer med eigedomsmeklartenester.

Vestbo avd. Stord har gjennom sitt dotterselskap Vestbo Garanti Sunnhordland drive eigedomsmeklarforretning i Sunnhordland i fleire år, med bl.a. kommunane Stord, Fitjar, Kvinnherad og Bømlo som marknad.

–          Eiendomsmegler Vest har hatt kontor på Stord dei siste 20 åra, og me ynskjer med denne avtalen å utvida vårt tilbod til kundar i Sunnhordland, opplyser Salsleiar Ola Nesse.

Vestbo vart stifta i 1946 og er det lokale boligbyggelaget på Vestlandet. Vestbo regionalt forvalter ca. 15 000 bustader fordelt på 380 bustadselskap.

Eiendomsmegler Vest er det største eigedomsmeklarselskapet i Hordaland og i Sunnhordland. Avdelinga på Stord sel om lag 300 bustader i året fordelt på kommunane Kvinnherad, Stord, Fitjar og Bømlo.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.