Nyhende — 13 november 2017

Henry Berg instruerer elevar i vedlikehald og service av påhengsmotor.

Kyst- og båtliv er ein vesentlig del av kulturarven vår. Dei fleste som veks opp i kystområda vil ha kontakt med båt og sjømannskap. Etter lova må alle som ferdast på sjøen, er fødd etter 1980 og skal føra fritidsbåt med lengde over åtte meter eller med motor med effekt meir enn 25 HK, ha båtførarbevis. For elevar på ungdomsskuletrinnet er båtførarprøven integrert i valfaget «Båt og sjø».

Elevar ved Stord Ungdomsskule som har «båtførarbevis» valfag hadde nyleg skuletimar på Stord Maritime Museum. I læreplanen ligg det høve til «tverrfagleg samarbeid». Kva er betre enn å vitja museet på Nattrutekaien for å sjå båt- og kystliv i lys av vår felles kulturarv?

I tillegg til omvising i museet var det lagt inn praktisk læring i vedlikehald og stell av motor. I dette høvet var det vedlikehald og service på påhengsmotor. Grupper på 4-5 elevar, leia av Henry Berg frå Venelaget SMM, instruerte elevane gjennom læringsprosessen. Her fekk elevane praktisk trening i klargjering for vinteropplag, gjennomkøyring av ferskvatn, kontroll av tennpluggar, ta av og smørja propell, skifta girolje, filter og sinkanode og generelt reinhald av påhengsmotorar.

Lærar Håvard Hegeland fortel at det er både teoretiske og praktiske oppgåver som skal løysast. Læreplanen omhandlar kunnskap om sjøvettsreglar, føring av båt, tryggleiksrutinar, forhold til andre farande folk og båtar til sjøs med meir. Teoriundervisninga vert halden på skulen, dei praktiske oppgåvene ved sjøen og i båt.

Per Dale med ei gruppe elevar.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.