Nyhende — 14 november 2017

«Epos» ved kai på Sørhuglo.

Huglo Bygdalag har i fleire vendingar til kommunen bede om at den offentlege kaien på Sørhuglo blir reparert og sett i fullgod stand. Konstruksjonen er gamal, har vore utan vedlikehald over tid, og ser ut deretter.

Bygdalaget hadde store voner om at ein del av ekstrapotten med tiltaksmidlar frå staten, kunne styrast mot kommunekaien på Sørhuglo, men det skjedde ikkje. I staden vart det vist til helst lite bruk av kaien på sør og god kai (ferjekaien) på Nordhuglo.

No laurdag låg bokbåten «Epos» ved kaien på Sørhuglo, med godt besøk. Måndag kveld låg «Elieser 6» frå Indre Sjømannsmisjonen der og inviterte til møte. Besøk som ikkje hadde vore moglege utan nett den kommunale kaien sør på øya. På nordre kai er det ikkje høve til å liggja lenge om gongen, då ferja har sitt nattlege der og har sine jamne besøk gjennom døgeret. På Sørhuglo blir det teke i land gods av ymse slag – og det blir betalt avgift til hamnekassen.

Ordførar Gaute Epland var på Huglo tidlegare i haust og då vart det både synfaring og drøftingar om mellom anna den kommunale kaien.

– Noko bør gjerast og når me no skal drøfta budsjettet i detalj, vil eg spela løyving til Sørhuglo inn for Hamnestyret (NMK-komiteen). Det må bli over Hamnestellet sitt budsjett denne investeringa må takast, seier Epland i ein kommentar til stordnytt.

Merkast at kaien er gamal og litt sliten.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.