Nyhende — 11 november 2017

Stordingane  med gjestevokalistane  Britt Guri Bjelland og Hans Gustav Mussland.

–  Dette var  fantastisk, eg kjenner berre kor det rykkjer i tango-foten.  Så meir enn takk til  dåke i Stordingane og vokalistane, for at me fekk denne kvelden med  gjenhøyr av  så mykje god song og musikk.

For oss som har vakse opp med  Harald Vik som spelemann og komponist  var dette beint fram  strålande  kjekt.

Kristian Lunde kom me denne spontane takken i aktersalongen på «Sunnhordland»  fredag kveld, der han var ein at mange som storkoste seg med oppfrisking av ein del av  låtane  frå  det store  repertoaret av komposisjonar  signert Harald Vik. Fitjarkaren som tok utflytting til Stord var aktiv spelemann og komponist frå  «Sommartango»  i 1957   til  «Køyr sakte gjennom Vikjo»  i 2015.  Lunde og Vik møttest mange ein gong som  høvesvis visevert og musikar i  mange, mange brudlaup.  Og så var det sterkt å gå på dans i Turnhallen når  Fitjar-karane stilte med  7-mannsorkester på scenen, mintest Kristian Lunde.

Frå oss andre som fekk gleda av dette møtet med lokalskapt musikk, skal de sendast takk til  stording-bassist  og  son Gisle Vik, som hadde ideen og til kabareten.  Han har dugande  spelekarar  med seg:  Lorentz Kanneløning på gitar, Jakob Eldøy på trommer og trekkspelarane:  Ole Johnny Almås, Jan Olvar Hystad og Johannes Laupsa.   Bandet har teke godt i vare «Vik-sounden».    Britt Guri Bjelland og Hans Gustav Mussland, begge med gode  songrøyster,  batt programmet  saman med  humørfylte  introduksjonar og kommentarar. 

Såleis kunne det ikkje bli anna enn ein  svært hyggjeleg kveld.  Eller som ein av dei smilante lyttande kviskra  oss i øyra: – Det er jo reine eventyret, eg er så imponert.

Godt med publikum  i aktersalongen om bord i  «Sunnhordland»

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.