Nyhende — 12 november 2017

Komande veke blir det full stenging for biltrafikk imot sør i Vikabrekko.

 

Biltrafikken må seiast å ha glidd rimeleg greitt første veka av det  omfattande garvearbeidet i nedre del av Vikabrekko.  Nordrullande bilar har følgt pilene og svinga til høgre  i rundkøyringa  ved Backertunet og vidare teke runden nedom Kaien og opp Osen.  Sørgåande trafikk har hadde eitt  køyrefelt til rådvelde i Vikabrekko –  men den mogleiken er det slutt på frå  måndag (13.) og ut veka.  Den perioden blir det stengt  for gjennomkøyring og alle sørgåande  biltrafikk bli vist til  omkøyring  via  E39 (Øvra Sæ, Lønningsdalen, Vabakkjen). 

Sjølve gravearbeidet  med føremål å  laga grøft  over (under)  fylkesvegen for legging av  vass- og avløpsrøyr  til Meierikvartalet, har gått omtrent slik det var føresett.  Ein hard fjellknaus  og  nokre  fleire eldre røyr og kablar i grunnen enn det ein visste om, vert hjå  Fronta Maskin omtalt som slikt ein må rekna med når sentral grunn skal gravast opp.  Komande veke skal det vurderast om det må ei lita salve til for  få skikkeleg gjennomslag i bergnabben.

Det blir for tida grove djupt i Vikabrekko.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.