Nyhende — 08 november 2017

Formannsskapet drøfta onsdag 2018-budsjettet.

At eit samrøystes Stord formannsskap på føremiddagen onsdag vedtok å senda rådmannen sitt forslag til 2018-budsjett på høyring utan endringar, må ikkje takast til inntekt for full semje om pengebruken. Semja no dreiar seg først og fremst om å få inn reaksjonar frå stordabuen, mellom anna i dei tillyste komitehøyringane neste veke. Det er venta ein del ytringar då.

Etter god debatt mellom formennene, er det på det reine at eigedomsskatten og bruken av dei rundt 40 årlege millionar den gjev til kommunekassen, vil bli ei «heit potet» fram mot saldering av budsjettet. Den tverrpolitiske innføringa av e-skatten i førre valbolken, vart gjort for å henta inn underskot – og så skulle midlane berre brukast til investeringar i ettertid. På vegner av fleirtalskoalisjonen meir enn antyda Jakob Bjelland at slik den finansielle situasjonen er blitt, må det vera rom for å sjå om e-skattemidlar skal kunna brukast også til å betala ned investeringar i ettertid. Altså at midlar frå kontoen blir bruk til å betala dei 8 millionar kroner i årlege finanskostnader for låneopptaket til Stord u-skule. Om ikkje, blir det jo slik at me må utsetja Nysæter U-skule til me har spart opp nok pengar, meinte Bjelland.

Som i budsjettdebattar tidlegare år vart det spurt om effektiviteten i kommunedrifta, og til svar viste rådmann Mjør til tilgjengelege statistikkar som stadfestar at Stord driv med kostnader under snittet for samanliknbare kommunar.

Nils Tore Økland viste til at særs strame økonomiske rammer er ein konsekvens hendingar i storsamfunnet som ligg utanom kommunen sin kontroll – Men her er også nokre konsekvensar av eigne vedtak, og dei må me stå inne for.

Ingen hadde motsegn til Sigbjørn Framnes sitt hjartesukk om at det ventar ein stor jobb frametter hausten for å finna inndekning innan gjevne rammer. – Det er ikkje bra om me alltid må senda rekningen ut til innbyggjarane våre, sa han.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.