Nyhende — 30 november 2017

Huglo bygdekvinnelag har laga ein tradisjon som er kommen for å bli.

 

Dei siste åra har Huglo Bygdekvinnelag arrangert juleverkstad, mest for ungar, men alle er velkomne.  I år var det 6 barn og 7 vaksne som koste seg i skulestova på Huglo skule, som ikkje nyttast som skule lenger.  Det mest spanande i år var å laga tova ullhjerter i mange fargar.  Dei vaksne hjalp til i starten.  Sjølv laga dei helst kransar, av bjørkekvistar, eller av siv kledte med einer.  Det vert mykje fin julepynt på Huglo i år!  Og til slutt vanka det gløgg, raud saft, pepparkaker og boller.

 

Både born og vaksne koste seg i den gamle skulestova på Huglo skule.

Foto: Hedvig Flornes Mathilde Caldwell og Engeline lagar ullhjarta.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.